Aktiv ferie i små bygder og storslått natur ved Sognefjorden
Gjer deg klar for nokre av dei beste naturopplevingane på Vestlandet.
Sognefjorden er perfekt for deg som ynskjer å oppleve noko nytt i hjarta av norsk natur og fjordlandskap - enten du reiser med venner, kjæresten eller åleine. Gløym glansbilde og hashtaggar. Gløym den flotte utsikta eit sekund. Det som verkeleg sit igjen er smakane, følelsene, stillheiten. Lukta av nye sengeklede i eit vestlandsk trehotell. Gode samtaler og lange sommarkveldar i fjordlyset. Varme fjordsteinar under nakne føter.
Alt dette finn du hos oss ved Sognefjorden, rett over fjellet frå Oslo eller Bergen.
Velkommen til sommaren du aldri vil gløyme!
Lær meir om:
"Norway’s longest and deepest fjord, Sognefjord will steal your breath and heart."
Anbefalte aktivitetar ved Sognefjorden
Er det ein ting du ikkje behøver å vere redd for langs Sognefjorden, så er det å kjede deg. Dei høgaste fjella, største breen og mest majestetiske utsiktene sørger for eit mangfold av aktivitetar i både tørre og våte element. Du kan blant anna padle i kajakk, dra på brevandring, eller oppdage UNESCO-lokasjonar gjennom eit idyllisk fjordcruise.
Her er nokre av våre absolutte favorittaktivitetar som er garantert å få blodet ditt til å bruse:
«Vi dro med Fjordsafari fra Flåm og det er én av de mest utrolige ting som jeg har gjort i mitt liv. Bilder og ord er ikke rettferdighet. Dette bør være på alles liste over ting å se i livet.»

Idylliske fjordbygder ved Sognefjorden
Legg turen innom ein eller fleire urørte fjordbygder for unike, lokale opplevingar.
I fjordbygdene tek vi deg imot med opne armar, og vil gjere deg godt kjent med den lokale kulturen og er generøse med tips til alt frå turtips, lokal mat og gode utkikkspunkter.
Her er nokre av fjordbygdene du kan besøke:
"Fjedli kadla og eg lyte gao"
Spektakulære turar ved Sognefjorden
Aurlandsdalen. Rallarvegen. Jostedalsbreen. Knyt skoa godt - her finn du mange av dei aller finaste turane i landet, både til fots og på sykkelen. Dette er stjerneturane du kan skryta litt av om du vil!
Vil du bli med backstage og oppleve Sogningane sine personlege favorittturar? Dei som du helst ikkje vil dele på Instagram? Her finn du gøymde skattar som Den romantiske vegen langs Lustrafjorden og Keipen i Balestrand.
Uansett om du ynskjer å gå topptur, bretur, fottur eller ta sykkelen fatt, finnes det nokre stader og ruter du er nødt til å oppleve for å få maksimalt ut av turen din!
Her er nokre av våre anbefalte ruter for deg:
Attraksjonar du bør få med deg ved Sognefjorden
Langs Sognefjorden finn du både skjulte og kjente perler og nasjonale kulturskattar som definitivt er verdt eit stopp på reisa. Blant anna finn du stavkyrkjer, museum og opplevingssenter fra UNESCOs verdensarvsliste som ligg i kort avstand frå både hotell og aktivitetar.
Her er nokre av attraksjonane du bør vurdere å besøke:
"Det er umulig å ta et dårlig bilde her!"

Lokal mat og drikke
God mat og drikke er ein viktig del av ein kvar vellykka ferie, og ein viktig del av den lokale kulturen. På di reise langs Sognefjorden kan du nyte deilige måltider, alltid omgitt av spektakulær natur. Her er det lange og sterke mattradisjonar, og med fersk fisk og skalldyr frå fjorden er du sikra ein smaksfest for både auger og munn. Velbekomme!Overnatting midt i Sognefjordens skattekammer
Vakne tidlig, et ein betre frukost med utsikt og stup til køys etter ein lang dag ute i naturen.
Uansett om du velger å bu på eit historisk hotell, feriehytte eller eit av fjordhotella så bur du omgitt av fjord og høge fjell, med kort veg til alle slags aktivitetar.
Planlegg reisa her:
Med FjordMap kan du lett navigera deg rundt i Sognefjorden og finna din aktivitet, attraksjon, serveringsstad eller overnatting.Ta ein titt og finn informasjon om kva du kan oppleva ved Sognefjorden.