Molden Foto Vegard Aasen

Aktiv ferie i små bygder og storslått natur ved Sognefjorden

Gjer deg klar for nokre av dei beste naturopplevingane på Vestlandet.

Sognefjorden er perfekt for deg som ynskjer å oppleve noko nytt i hjarta av norsk natur og fjordlandskap - enten du reiser med venner, kjæresten eller åleine. Gløym glansbilde og hashtaggar. Gløym den flotte utsikta eit sekund. Det som verkeleg sit igjen er smakane, følelsene, stillheiten. Lukta av nye sengeklede i eit vestlandsk trehotell. Gode samtaler og lange sommarkveldar i fjordlyset. Varme fjordsteinar under nakne føter. 

Alt dette finn du hos oss ved Sognefjorden, rett over fjellet frå Oslo eller Bergen.

Velkommen til sommaren du aldri vil gløyme!

Lær meir om:

 

Start din reise her

"Norway’s longest and deepest fjord, Sognefjord will steal your breath and heart."

national-geographic-traveler-vector-logo-1

Anbefalte aktivitetar ved Sognefjorden

Er det ein ting du ikkje behøver å vere redd for langs Sognefjorden, så er det å kjede deg. Dei høgaste fjella, største breen og mest majestetiske utsiktene sørger for eit mangfold av aktivitetar i både tørre og våte element. Du kan blant anna padle i kajakk, dra på brevandring, eller oppdage UNESCO-lokasjonar gjennom eit idyllisk fjordcruise.

 

Her er nokre av våre absolutte favorittaktivitetar som er garantert å få blodet ditt til å bruse:

Se flere aktiviteter

«Vi dro med Fjordsafari fra Flåm og det er én av de mest utrolige ting som jeg har gjort i mitt liv. Bilder og ord er ikke rettferdighet. Dette bør være på alles liste over ting å se i livet.»

tripadvisor_logo

Idylliske fjordbygder ved Sognefjorden

Legg turen innom ein eller fleire urørte fjordbygder for unike, lokale opplevingar.

I fjordbygdene tek vi deg imot med opne armar, og vil gjere deg godt kjent med den lokale kulturen og er generøse med tips til alt frå turtips, lokal mat og gode utkikkspunkter.

Her er nokre av fjordbygdene du kan besøke:

"Fjedli kadla og eg lyte gao"

Spektakulære turar ved Sognefjorden

Aurlandsdalen. Rallarvegen. Jostedalsbreen. Knyt skoa godt - her finn du mange av dei aller finaste turane i landet, både til fots og på sykkelen. Dette er stjerneturane du kan skryta litt av om du vil!

Vil du bli med backstage og oppleve Sogningane sine personlege favorittturar? Dei som du helst ikkje vil dele på Instagram? Her finn du gøymde skattar som Den romantiske vegen langs Lustrafjorden og Keipen i Balestrand.

Uansett om du ynskjer å gå topptur, bretur, fottur eller ta sykkelen fatt, finnes det nokre stader og ruter du er nødt til å oppleve for å få maksimalt ut av turen din!

Her er nokre av våre anbefalte ruter for deg:

Se flere turer
TIPS #1:
Ta med sykkel på Flåmsbana, og ta sykkelturen ned att Rallavegen til Flåm. På veg ned kan du prøve Flåm Zipline, den lengste ziplinen i norden på heile 1381 meter. Kjenn pulsen stige når du sett utfor det 305 meter høge stupet ved Vatnahalsen i nærheten av Bergensbanen og Flåmsbana. Ziplina stopper i Kårdalen ved "Rallarrosa Stølsysteri" øvst i Flåmsdalen.
 
TIPS #2:
Ta med sykkelen på ferja frå Solvorn til Ornes. På Ornes ved Lustrafjorden ligg UNESCO Urnes Stavkyrkje som er landest eldste og den rikast dekorerte av dei 28 stavkyrkjene i Noreg. Etter besøket på Urnes tek du sykkelen fatt og syklar langs Den Romantiske vegen innover fjorden mot Skjolden. 
 
Tips #3:
Opplev spektakulære Keipen i Balestrand. Turen går fra fjorden til høgfjellet, og gjev eit spektakulært utsyn over Sognefjorden med fjordarmane Vetlefjorden og Fjærlandsfjorden og dei flotte Fjærlandsfjella. Etter turen kan du nyte lokal sider og mat på Ciderhuset i Balestrand som mellom anna er kjent over heile landet for Balholm produkta sine. 

Attraksjonar du bør få med deg ved Sognefjorden

Langs Sognefjorden finn du både skjulte og kjente perler og nasjonale kulturskattar som definitivt er verdt eit stopp på reisa. Blant anna finn du stavkyrkjer, museum og opplevingssenter fra UNESCOs verdensarvsliste som ligg i kort avstand frå både hotell og aktivitetar.

Her er nokre av attraksjonane du bør vurdere å besøke:

Se alle attraksjoner

"Det er umulig å ta et dårlig bilde her!"

tripadvisor_logo

Lokal mat og drikke

God mat og drikke er ein viktig del av ein kvar vellykka ferie, og ein viktig del av den lokale kulturen. På di reise langs Sognefjorden kan du nyte deilige måltider, alltid omgitt av spektakulær natur. Her er det lange og sterke mattradisjonar, og med fersk fisk og skalldyr frå fjorden er du sikra ein smaksfest for både auger og munn. Velbekomme!

Overnatting midt i Sognefjordens skattekammer

Vakne tidlig, et ein betre frukost med utsikt og stup til køys etter ein lang dag ute i naturen.

Uansett om du velger å bu på eit historisk hotell, feriehytte eller eit av fjordhotella så bur du omgitt av fjord og høge fjell, med kort veg til alle slags aktivitetar.

Skjolden Hotel
Finn din overnatting her

Ute etter ein annan type ferie?

FjordSafari Norway - Tur til Undredal

Sognefjorden med familien

Ta med familien og barna til Sognefjorden der vi tilbyr naturbaserte aktivitar som brevandring, sykling, kajakk, RIB, SUP med meir. 

Les mer her
BesteBakken Spa Foto Falkeblikk AS

Sognefjorden - Det lille ekstra

Unne deg det lille ekstra med å bu på dei finaste fjordnære hotella, den beste maten og det beste vertskapet.

Les mer her

Planlegg reisa her: 

Med FjordMap kan du lett navigera deg rundt i Sognefjorden og finna din aktivitet, attraksjon, serveringsstad eller overnatting.Ta ein titt og finn informasjon om kva du kan oppleva ved Sognefjorden.  

Fjordmap board

Er du klar for ditt livs sommarferie?

Start din reise her

Del denne artikkelen: