hovudside ny versjon

Den unike sommarferien!

Skjulte perler i naturens fagraste skattkammer. 

Safirblå isbrear, smaragdgrønne fjordarmar, diamantkvite mektige fossefall eller blikkstille fjellvatn som glitrar som gull. Eit tusenfarga fløyelsteppe av skogkledde lier og fjellsider som syr det heile saman til ei magisk verd som er vanskeleg og beskrive, du må komme å sjå sjølv.

Den unike naturen, det gode liv, dei beste minnene og største opplevingane.

Unike fjordbygder, kortreist slowfood, herskapelege hotell, adrenalin og kvilepuls i glede og samspel.

Ta pulsen på Sognefjorden i sommar.

Kultur som går i arv basert på natur, lokale råvarer, opplevingar og eit mangfald. 

Sognefjorden er definisjonen på fjordlandskapet og fjordnorge.

      Eventyret ventar:

  • 3 timar frå Bergen
  • 4 timar frå Oslo
  • 5 timar frå Trondheim

 

" Sognefjorden gjev deg balanse, innsikt og utsikt, fred til sinns, ro og kvilepuls. For den aktivitestsøkjande som hakje ro i røvi, meir enn høg nok puls"

 

"Norway’s longest and deepest fjord, Sognefjord, will steal your breath and heart."

National_Geographic-Logo-PNG7 (1)

Kva er Sognapuls?

Sognapuls er dine eigne pulsslag, det er våre pulsslag, dei som slår når du er her med oss. Det er notida og augneblinka du opplever der og då. Det er pulsen du har når du engasjerar deg, kosar deg, opplever noko fantastisk. Det kan vere kvilepulsen når du sit på balkongen på eit av våre ærverdige hotell. Det kan være høg puls i ein RIB-båt på Sognefjorden. Det kan være rolege pulsslag når du sit på ein fjelltopp og ser utover det fagre fjordlandskapet. Det kan vere det einaste du høyre, dine eigne pulsslag når du glir med kajakken over ein blikkstille Sognefjord. Ta pulsen på Sognefjorden eller la Sognefjorden ta pulsen på deg.

Sognapulsen - pulsen av Sognefjorden.

kisspng-electrocardiography-computer-icons-heart-rate-ecg-vector-5add0120440c89.3241251515244331842787

Aktivitetar ved Sognefjorden

Det er få plassar du kan finne eit så stort utval aktivitetar innan eit så lite geografisk område som kring Sognefjorden. 4 årstider på ein og samme dag.

Naturlandskapet er fult av kontrastar, noko som legg til rette for fantastiske naturopplevingar og forfriskande aktivitetar for alle aldrar og nivå, uansett om du ynskjer høg eller låg puls. Frå dei høgste og massive fjell på over to tusen meter, og ned til fjorden. Viste du at ved Sogn finst dei fleire sandstrender? 

Dyktige guidar er og klare til å ta deg med på tur på isbreane i blåisens eventyrverd i Jostedalen, eller på Sognefjorden i kajakk eller RIB-båtar.

Bli med på batteridriven fjordcruise, besøk ein Vikinglandsby, sykkelturar ved fjorden fiske i Sognefjorden og sjølvsagt fjellturar over alt. 

Nigardsbreen barn foto Vegard Aasen
Book din bretur
puls sognefjord

Swipe for fleire bilder 👉

 

Opplev idylliske Fjordbygder

 Ta livet heilt med ro og utforsk pittoreske fjordbygder med minner frå ei svunnen tid.Ta del i ein rik kulturhistorie som fortsatt set sitt preg på kvardagen til dei som bur der.

Fleire av fjordbygdene langsmed Sognefjorden står som dei gjorde for 100 år sidan, naturen og lynnet på folket er også det samme. Vande med å ta imot reisande, gje dei ei trygg natts kvile. Fleire av dei som bur har påstår dei har Vikingblod i årene, vi trur dei til en viss grad.

Bu på luksushotell, sov i ein fjøs, eit naust, kanskje vil du vakne opp på kanten av eit stup med panoramautsikt rett ned i fjorden. Bu i eit spegel med usynlege veggar, me kallar det Fjord Royal.  For du føler deg litt royal her i strandsona til kongen av fjordane. Det har kongar gjort før deg.

Berre det å legge seg om kvelden er ein serverdigheit. Eller som dei seier, one for the bucketlist. Viste du at fjordvillage er eit av dei mest søkte orda når utlendingar søkjer på norgesfeire? Det er nettopp det ei fjordbygd er, ein landsby ved fjorden. Den perfekte heimen når du er vekke heimafrå.

 

Sognefjorden er kjent for sine idylliske og urørte fjordbygder, som er perfekte å bruke som feriebase medan dei utforsker naturen og aktivitetane i nærleiken. I fjordbygdene finn du dessuten ulike overnattingsmuligheter, aktivitetar, attraksjoner og naturperler som er verdt å besøke!

Puls grøn

Swipe for fleire bilder 👉

"Sognefjorden kan bli en av de store feriefavorittene i sommer" - se artikkel i Vagabond Reiselyst her

Vagabond Reiselyst

Ei reise langs Sognefjorden

Sognefjorden er Norges lengste fjord og verdens lengste isfrie og bebudde fjord. Der Nordsjøen og Atlanterhavet møtes ytterst i havgapet, skjær Sognefjorden seg inn, heilt til foten av Jotunheimen der ein finn nord Europas høgste fjell.

Langs fjorden finn blant anna:

  • Høge fjell
  • Blåe isbrear
  • Mektige fossar
  • Idylliske gardsbruk
  • Frodige frukthagar

Med bil, tog, buss eller båt kan du enkelt reise frå det eine eventyret til det andre, velge å vrake i storslått natur og nasjonale kulturskattar på din veg.

Finn ditt eige paradis langs Sognefjorden skreddersy din perfekte sommarferie - akkurat slik det passar deg! 

Les gjerne meir om:

Nasjonale turistvegar - den naturlege innfalsporten til Sognefjord

Stegastein 5859 Sverre Hjørnevik Fjord Norway 2

Nasjonal Turistveg Aurlandsfjellet

Ein ser snø langs vegen mesteparten av året, og vegen er difor mest kjend som "Snøvegen". Frå Aurland til utsiktspunktet Stegastein er vegen ope heile året. 

Meir informasjon
Gaularfjellet-Utsikten Balestrand -Foto Jiri Havran

Nasjonal Turistveg Gaularfjellet

Frå Balestrand til Førde og Eldaosen-Sande kan ein sjå mange vakre fossar og elvar, og kan kombinerast med ein tur på fossestien. Nyt fjellandskapet på den spektakulære "Utsikten". 
Meir informasjon
Nasjonal Turistveg Werner Harstad, Statens vegvesen

Nasjonal Turistveg Sognefjellet

Den nasjonale turistvegen over Sognefjellet mellom Luster og Lom, er den høgste og kanskje mest imponerande fjellovergangen i Nord Europa.

Meir informasjon
Sagt om brevandring ved Sognefjorden:
"Gå på diamantar og blå is"
"Fantastisk, en unik opplevelse"
"Enestående"
tripadvisor_logo

Attraksjonar ved Sognefjorden

Opplev historiske og kulturelle skattar. Sognefjorden har lokka til seg oppdagarar og kunstnarar i meir enn 150 år, og byr på ei rik kulturarv - blant anna med fleire attraksjonar frå UNESCOs verdsarvsliste. Unike fjordbygder, kortreist slowfood, herskapelege hotell, adrenalin og kvilepuls i glede i samspel med naturen deg sjølv og dine.. Me har ein kultur som går i arv. Kulturen er basert på naturen, råvarer, opplevingar og mangfald. Ved Sognefjorden finn ein noko for både dei kortreiste og verdsvande. Familieaktivitetar på musea ved Sognefjorden, unike opplevingar og inntrykk. Natur og atter natur, i alle former og spel.

Her finn du nokre av dei mest populære attraksjonane:

Swipe for fleire bilder 👉

Sagt om Flåmsbana:
"En flott reise gjennom et fantastisk landskap som tar pusten fra de fleste - d
ette er en av verdens heftigste togturer".

tripadvisor_logo
puls sognefjord

Vandring og sykling ved Sognefjorden

Rundt Sognefjorden finn du nokre av dei vakraste og mest populære turane i Norge. Det finnes turar for alle nivå, både til fots og på sykkel. 

Her finn du nokre av våre beste turtips:

Swipe for fleire bilder 👉

"Fjedli kadla og eg lyte gao"

Sjå fleire turar

Tips til fotturar:

Legg turruta i Jotunheimen nasjonalpark for å sjå Norges vakraste fossefall Vettisfossen i ville og vakre Utladalen, eller vandre med guide på Jostedalsbreen - den største isbreen på det Europeiske fastlandet. Eller kanskje ein hel dag gjennom "kjærleiksdalen" Aurlandsdalen frå Østerbø til Aurland? Her kan du sette frå deg bilen ved endepunktet og ta buss til startpunktet. Frå Keipen i Balestrand får du panoramautsikt over Sognefjorden, og langs Kongevegen finn du nasjonale kulturskattar og storslått natur. 

Tips til sykling:

Ta med deg sykkelen og opplev fleire av Norges finaste sykkelruter langs Sognefjorden med Rallarvegen mellom Flåm og Myrdal, "Den romantiske vegen" langs Lustrafjorden eller langs Kongevegen i Lærdal. Du kan også leige sykkel i blant anna Balestrand, Sogndal, Solvorn, Skjolden og Flåm. Sognefjorden er perfekt for sykkelturar langs fjorden eller i fjellområda rundt fjorden! 

"Det er umulig å ta et dårlig bilde her"

"Flott utsikt hele veien"

"Enestående skjønnhet"

tripadvisor_logo

Lokal mat og drikke

God mat og drikke er ein viktig del av ein kvar vellykka ferie, og ein viktig del av den lokale kulturen. På di reise langs Sognefjorden kan du nyte deilige måltider, alltid omgitt av spektakulær natur. Her er det lange og sterke mattradisjonar, og med fersk fisk og skalldyr frå fjorden er du sikra ein smaksfest for både auger og munn. Velbekomme!

Swipe for fleire bilder 👉

Mat & Drikke

Overnatting ved Sognefjorden

Uansett kvar og korleis du vel å bu langs Sognefjorden, er du omgitt av prisvinnande natur og berre ein kort reiseveg frå aktivitetar, attraksjoner og populære turruter. Her finnes overnatting for ein kvar smak og eit kvart behov.

- Historiske og lukseriøse hotel med lange tradisjonar
- Sjarmerande fjordhotell med alt inkludert
- Romslege hytter for storfamilien
- Campingplass med boltreplass for ungane

 Familieaktivitetar, unike opplevingar og inntrykk. Sommarferien for alle. Med ein fin basecamp enten det er på hotell hytte eller på campingplass så har ein det beste utgangspunktet for dei beste opplevingane. 

Hofslund Hotel kampanje 2022
Finn din overnatting her

Planlegg ferien din til Sognefjorden i dag

Til deg som...

... ynsker å gi barna ein sommarferie med naturopplevingar, dei vil hugse for resten av livet

... ynskjer å ta med partnaren din på ein romantisk og minnerik reise, som de saman hugsar for livet

... ynskjer å reise på ein spennande aktivitetsferie med vennegjengen, vener for livet

... ynskjer å få koble heilt av og bli tatt godt vare på, det gode livet

... ynskjer å oppleve kremen av norsk natur, balsam for livet

 

Sognefjorden er definisjonen på fjordlandskapet og fjordnorge.
Den unike naturen, det gode liv, dei beste minnene, største opplevingane.
Vi er destinasjonen du vil komme til bake til, gang etter gang.

 

Under har vi skreddersydd informasjon som er tilpassa akkurat deg. Finn din favorittplass, vel overnatting og lat deg inspirera av alle tilboda ved Sognefjorden!

FGS_UndredalDSC_5813 (1)

HØNEMOR

Sognefjorden med familien

Få tips til ein innhaldsrik ferie med familievennlige aktivitar, turar og opplevelsar! Skap minner i lag med familien. 

Les meir her
Molden Foto Vegard Aasen/Veri Media

FJEDLE KADLA

Aktiv ferie ved Sognefjorden

Få tips til ein fullspekka aktivitetsferie med dei beste opplevingane og eit komfortabelt opphald midt i naturen

Les meir her
Amazing Fjords - Cruise Nærøyfjorden Foto Falkeblikk AS

FJORD ROYAL

Sognefjorden - det lille ekstra

Få tips til kvar du best kan slappe av og nyte fjordperlene med den beste lokale maten og vertskap i ypperste klasse.

Les meir her

Norwegian fjords – the world’s top unspoiled travel destination

National_Geographic-Logo-PNG7 (1)

Planlegg reisa her:  

Med FjordMap kan du enkelt navigere deg rundt i Sognefjorden og finna din aktivitet, attraksjon, serveringsstad eller overnatting.Ta ein titt og finn informasjon om kva du kan oppleva ved Sognefjorden. 

Fjordmap board

Er du klar for årets sommarferie?

 Landskapet er vårt skattkammer, innhaldet er oss, og me delar dette gledeleg med deg, me vil gje deg minner for livet.

Me vil du skal trivast, me vil at du skal koma tilbake.

Velkommen til Sognefjord

– Definisjonen på fjordnorge, definisjonen på det gode liv

Del denne artikkelen: