Bli med på eventyret Sognefjorden
Me gjev deg somarens beste ferietips
Safirblå isbrear, ein smaragdgrøn fjord, mektige fossefall og blikkstille fjellvatn.
Eit tusenfarga fløyelsteppe av skogkledde lier og fjell som syr det heile saman til ei eineståande verd som er vanskeleg å beskrive, du må kome å sjå sjølv.
Verdskjent natur, dei beste minner med dine fine.
Eg er Sognefjord
Scroll deg igjennom sommeraren eventyr. 👇
Topp Aktivitetar ved Sognefjorden
Det er få plassar du finn eit så stort, komplett og breitt utval av somaraktivitetar, som rundt Sognefjorden. Fire årstider på ein og same dag.
Eit naturlandskap fullt av kontrastar, einestående naturopplevingar og spanande aktivitetar i skjøn foreining for heile familien.
Nokre favorittar er guida tur i blåisens eventyrverd på Jostedalsbreen, opplev Sognefjorden frå kajakk eller RIB-safari. Unike UNESCO-områder, stavkyrkjer, og fjellturar over alt.
Bli med på fjordcruise, besøk ein Vikinglandsby, sykkelturar langs med fjorden, prøv deg på Norden si lengste zipline eller bli med på guida djupvassfiske i Sognefjorden. Juving og rafting i ville breelvar. Et godt og bu godt. Museum og vitskapsenter kunnskap er jo den nye trenden.
Litt av alt, men mest av det beste!
- Eg er Sognefjord
Klikk på bileta og les meir om aktivitetane
Nokre utvalde høgdepunkt
Tindevegen
Snarvegen gjennom Jotunheimen
Nærare Noregs vakraste fjelltoppar over 2000 meter, kjem du ikkje med bil. Tindevegen snor seg gjennom det ville fjellandskapet mellom Årdal og Luster. Ei skjult perle som ufortent kjem i skuggen mot dei meir kjende "Nasjonale Turistveger" i Noreg.
Tindevegen er eit perfekt vegstrekke for årets road trip.
Kviknes Hotel
Historie og kultur famna av storslagen natur
I idylliske omgjevnader ved Sognefjorden si breidd, kan du oppleve vakre og særeigne Kviknes Hotel. Med si unike ro, sjel og atmosfære er Kviknes blant Noregs mest tradisjonsrike hotell. Nyt fjorden og fjella frå hotellet sin vakre hage, eller vandre rett inn i urørt natur.
Balestrand ein draum
Musea kring Sognefjord
Kunnskap er den nye trenden, bli betre kjent med vår kultur, historie.
Vel mellom kunst, folkemuseum, kystkultur, vikingtid og reiseliv.
Utforsk tolv museum mellom fjord og fjell, der du også kan delta på mange ulike opplevingar for heile familien.
Eit besøk på eit museum er ein pust i bakken i frå det daglege.
Eit besøk gjev innsikt til utsikt.
Hodlekve heile året
Sentralt med armslag og høg standard.
Bu i lukseriøse hytter tett på naturen - din perfekte base for å oppleva heile Sogn og Sognefjorden. Kort veg til fjord, fjell og isbre. Sentralt og berre ein time til alt. Pumptrack, bubil, hytter, flytsti, vandrestiar, fjellvatn, cafè, sykkel.
Me kallar det, rein luksus!

Pittoreske fjordbygder
Attraksjonar ved Sognefjorden
Sognefjorden har lokka til seg vikingar, keisarar, oppdagarar og kunstnarar i over tusen år. No er det din tur!
Området har ei stor og rik kulturarv - me nevner UNESCOs verdsarvliste, nasjonalparkar og monumentale utsiktspunkt. Pittoreske fjordbygder, lokalmat, herskapelege hotell, adrenalin eller kvilepuls. Kultur basert på natur, råvarer, opplevingar og historie. Familieaktivitetar på opplevelsessenter og Musé kring Sognefjorden-
Utvalde attraksjonar: UNESCO Nærøyfjord, Njardarheimr Vikingbyen, Flåmsbana, Stegastein, Stavkyrkjer, Nigardsbreen, Feigefossen og Vettisfossen.

Fjellturar med unik fjordutsikt og mektige fossefall
Rundt Sognefjorden er du i kontrastane sitt rike, her finn du fleire av dei vakraste, mest populære og spektakulære vandreturane i Noreg. Det finst turar for alle nivå. Frå mektige Jotunheimens tindar til djupe fagre og dramatiske urørte dalar. Eineståande brelandskap til forførande fjordutsikt. Frå gamle historiske ferdselsvegar til guida kulturvandring og fjordstiar.
Her er nokre av våre mest kjende turtips:
Utladalen og Vettisfossen, Aurlandsdalen og Prest, Molden, Feigefossen, Børesteinen, Raudmelen, Keipen, Fuglesteg, Mørkridsdalen, Nigardsbreen, Austerdalsbreen, Flatbrehytta, Laviksåta, Fuglefjell og Stølsheimen.
Friheit på to hjul
Sognefjorden er endå relativt ukjent som sykkeldestinasjon. Men det er lite som slår fjordutsikt fra eit sykkelsete.
Enkle og perfekte dagsetappar. Anten du vil sykle på eigahand eller med guide. Sykkelutleie finst fleire stader. Pust inn pust ut, her er du midt i eit postkortlandskap. Langs landevegen ved Sognefjordens breidder, til landets beste flytstiar i skog og mark, pumtracks og vidgjetne fjellvegar langt over tregrensa.
Nokre utvalde sykkelturar: Langs brevatn og breelvar til Veitastrond og Tungestølen. Den romantiske vegen på sørsida av Lustrafjorden til Sognefjellet i Luster. På unike Rallarvegen ned Flåmsdalen eller Snøvegen over Aurlandsfjellet mellom Lærdal Aurland. Frå fjordarmane kring Balestrands og storslått fjordutsikt til Gaularfellet. Mektige "Tusenmeteren" og Tindevegen i Årdal. Gamlevegen og Kongevegen i Lærdal til Vikafjellet og Arnafjord i Vik.
Fri rak og fornøgd på to hjul langs med Sognefjorden.
Lokal mat og drikke
Velkomne til Cideren sitt eige kongerike.
Visste du at..
- Cideren sin norske opprinnelse mest sannsynleg stammar frå Sognefjorden?
- Det første skriftlege tegnet på fruktdyrking i Norge finn du i Vik i Sogn. I Sverres saga står det om ein episode frå år 1201 der det nemnast ein "Aldinhage" - aldin er norrønt for eple.
- Sognefjorden sin lokale mattradisjon strekkjer seg over tusen år tilbake i tid.
- Kortreist mat med identitet, så langt vekk du kjem frå den store matindustrien som mogleg. "Me ha laga da sjølve"
- Det er ekte, det er naturleg og det er lokalt. Fersk fisk og skalldyr frå fjorden, frukt og grønt frå fruktar morenejord skapt av isbreane gjennom tusenvis av år som gir oss nokre av landets beste avlingar. Poteter, bringebær, epler og pærer. Moreller, fersken, aprikoser og jordbær. Geitost, gamalost og brimost. Vilt fra skog og fjell. Du er sikra ein kulinarisk smaksfest for både auge, munn og midje. Alt dette, som oftast servert med spektakulær natur og utsikt som unike kulisser.
Velkommen til bords i kontrastane sitt rike.
Overnatting kring Sognefjorden
Uansett kvar og korleis du vel å bu langs Sognefjorden, er du omgjeven av prisvinnande natur og berre ein kort reiseveg frå aktivitetar, attraksjonar og populære turruter. Her finst overnatting for kvart ynskje og budsjett.
- Historiske og luksuriøse hotel med lange og stolte tradisjonar.
- Ærverdige fjordhotell med "all inclusive".
- Sjarmerande og romslege hytter for storfamilien. Eller kva med ei speglehytte?
- Campingplassar i ett med naturen og stor boltreplass for barn i alle aldre.
- Bu unikt i tretopphytte eller på kanten av eit stup med verdas vakraste utsikt. Ombygde naust eller leilegheitskompleks berre eit byks frå fjorden.
3 nasjonale turistvegar til Sognefjord
- Aurlandsfjellet "Snøvegen"
- Gaularfjellet "Historisk, vakker og ukjent"
- Sognefjellet "Europas høgste fjellovergang"
Med familien
Få tips til en innholdsrik ferie med familievennlige aktiviteter, turer og opplevelser! Skap minner sammen med familien.
Aktiv ferie
Få tips til en fullspekket aktivitetsferie med de beste opplevelsene og et komfortabelt opphold midt i naturen
Planlegg di reise her:
Med FjordMap kan du enkelt navigera deg rundt i Sognefjorden og finne din aktivitet, attraksjon, serveringsstad eller overnatting.
Ver din eigen utforskar og naviger med FjordMap.
Er du klar for årets sommarferie?
Landskapet her er vårt skattekammer, innhaldet er oss, og me deler dette gledeleg med deg, me vil gi deg minner for livet.
Me vil at du skal trivast, me vil at du skal komme tilbake. Fleire vende.
Velkommen til Sognefjorden
Litt av alt, men mest av det beste!
- Eg er Sognefjord