Bli med på eventyret Sognefjorden

Me gjev deg somarens beste ferietips

 

Safirblå isbrear, ein smaragdgrøn fjord, mektige fossefall og blikkstille fjellvatn.
Eit tusenfarga fløyelsteppe av skogkledde lier og fjell som syr det heile saman til ei eineståande verd som er vanskeleg å beskrive, du må kome å sjå sjølv.
Verdskjent natur, dei beste minner med dine fine. 

Eg er Sognefjord

Større kart kampanje

Scroll deg igjennom sommeraren eventyr. 👇

Topp Aktivitetar ved Sognefjorden

Det er få plassar du finn eit så stort, komplett og breitt utval av somaraktivitetar, som rundt Sognefjorden. Fire årstider på ein og same dag.

Eit naturlandskap fullt av kontrastar, einestående naturopplevingar og spanande aktivitetar i skjøn foreining for heile familien.

Nokre favorittar er guida tur i blåisens eventyrverd på Jostedalsbreen, opplev Sognefjorden frå kajakk eller RIB-safari. Unike UNESCO-områder, stavkyrkjer, og fjellturar over alt.

Bli med på fjordcruise, besøk ein Vikinglandsby, sykkelturar langs med fjorden, prøv deg på Norden si lengste zipline eller bli med på guida djupvassfiske i Sognefjorden. Juving og rafting i ville breelvar. Et godt og bu godt. Museum og vitskapsenter kunnskap er jo den nye trenden. 

 

Litt av alt, men mest av det beste! 

- Eg er Sognefjord

Nigardsbreen visningstur Foto Håvard Nesbø

X-tra short blue ice hike

Bestill din tur her
Nigardsbreen barn foto Vegard Aasen

Kids special blue ice hike

Bestill din tur her
Nigardsbreen guidet tur foto Vegard Aasen

Short blue ice hike

Bestill din tur her

Klikk på bileta og les meir om aktivitetane

Sjå fleire aktivitetar her

Nokre utvalde høgdepunkt

Tindevegen

Snarvegen gjennom Jotunheimen

Nærare Noregs vakraste fjelltoppar over 2000 meter, kjem du ikkje med bil.  Tindevegen snor seg gjennom det ville fjellandskapet mellom Årdal og Luster. Ei skjult perle som ufortent kjem i skuggen mot dei meir kjende "Nasjonale Turistveger" i Noreg.  

Tindevegen er eit perfekt vegstrekke for årets road trip.

Les meir her
Tindevegen-frå Vardanosi 230713 MR Norgeskampanje
Kviknes Hotel norgeskampanje 2023

Kviknes Hotel

Historie og kultur famna av storslagen natur

I idylliske omgjevnader ved Sognefjorden si breidd, kan du oppleve vakre og særeigne Kviknes Hotel. Med si unike ro, sjel og atmosfære er Kviknes blant Noregs mest tradisjonsrike hotell. Nyt fjorden og fjella frå hotellet sin vakre hage, eller vandre rett inn i urørt natur. 

Balestrand ein draum

Les meir her

Musea kring Sognefjord

 Kunnskap er den nye trenden, bli betre kjent med vår kultur, historie.

Vel mellom kunst, folkemuseum, kystkultur, vikingtid og reiseliv.

Utforsk tolv museum mellom fjord og fjell, der du også kan delta på mange ulike opplevingar for heile familien. 

Eit besøk på eit museum er ein pust i bakken i frå det daglege.  

Eit besøk gjev innsikt til utsikt.

Les meir her
De heibergske samlinger - Sogn Folkemuseum Foto Thomas Bickhardt
B67I5149

Hodlekve heile året 

Sentralt med armslag og høg standard.

Bu i lukseriøse hytter tett på naturen - din perfekte base for å oppleva heile Sogn og Sognefjorden. Kort veg til fjord, fjell og isbre. Sentralt og berre ein time til alt. Pumptrack, bubil, hytter, flytsti, vandrestiar, fjellvatn, cafè, sykkel. 

Me kallar det, rein luksus!

 

Les meir her
Viking kampanje

Pittoreske fjordbygder

Attraksjonar ved Sognefjorden

Sognefjorden har lokka til seg vikingar, keisarar, oppdagarar og kunstnarar i over tusen år. No er det din tur!

Området har ei stor og rik kulturarv - me nevner UNESCOs verdsarvliste, nasjonalparkar og monumentale utsiktspunkt. Pittoreske fjordbygder, lokalmat, herskapelege hotell, adrenalin eller kvilepuls. Kultur basert på natur, råvarer, opplevingar og historie. Familieaktivitetar på opplevelsessenter og Musé kring Sognefjorden-

Utvalde attraksjonar: UNESCO Nærøyfjord, Njardarheimr Vikingbyen, Flåmsbana, Stegastein, Stavkyrkjer, Nigardsbreen, Feigefossen og Vettisfossen.  

Klikk her for enda fleire 

Mine høge tindar profil

Fjellturar med unik fjordutsikt og mektige fossefall

Rundt Sognefjorden er du i kontrastane sitt rike, her finn du fleire av dei vakraste, mest populære og spektakulære vandreturane i Noreg. Det finst turar for alle nivå. Frå mektige Jotunheimens tindar til djupe fagre og dramatiske urørte dalar. Eineståande brelandskap til forførande fjordutsikt. Frå gamle historiske ferdselsvegar til guida kulturvandring og fjordstiar. 

Her er nokre av våre mest kjende turtips:

Utladalen og Vettisfossen, Aurlandsdalen og Prest, Molden, Feigefossen, Børesteinen, Raudmelen, Keipen, Fuglesteg, Mørkridsdalen, Nigardsbreen, Austerdalsbreen, Flatbrehytta, Laviksåta, Fuglefjell og Stølsheimen.

Sjå fleire turar

Friheit på to hjul

Sognefjorden er endå relativt ukjent som sykkeldestinasjon. Men det er lite som slår fjordutsikt fra eit sykkelsete. 

Enkle og perfekte dagsetappar. Anten du vil sykle på eigahand eller med guide. Sykkelutleie finst fleire stader. Pust inn pust ut, her er du midt i eit postkortlandskap. Langs landevegen ved Sognefjordens breidder, til landets beste flytstiar i skog og mark, pumtracks og vidgjetne fjellvegar langt over tregrensa. 

Nokre utvalde sykkelturar: Langs brevatn og breelvar til Veitastrond og Tungestølen. Den romantiske vegen på sørsida av Lustrafjorden til Sognefjellet i Luster. På unike  Rallarvegen ned Flåmsdalen eller Snøvegen over Aurlandsfjellet mellom Lærdal Aurland. Frå fjordarmane kring Balestrands og storslått fjordutsikt til Gaularfellet. Mektige "Tusenmeteren" og Tindevegen i Årdal. Gamlevegen og Kongevegen i Lærdal til Vikafjellet og Arnafjord i Vik.

Fri rak og fornøgd på to hjul langs med Sognefjorden.

 

 

Sjå fleire sykkelturar

Lokal mat og drikke

 Velkomne til Cideren sitt eige kongerike.

Visste du at..

  • Cideren sin norske opprinnelse mest sannsynleg stammar frå Sognefjorden?
    • Det første skriftlege tegnet på fruktdyrking i Norge finn du i Vik i Sogn. I Sverres saga står det om ein episode frå år 1201 der det nemnast ein "Aldinhage" - aldin er norrønt for eple. 
  • Sognefjorden sin lokale mattradisjon strekkjer seg over tusen år tilbake i tid
    • Kortreist mat med identitet, så langt vekk du kjem frå den store matindustrien som mogleg. "Me ha laga da sjølve" 
    • Det er ekte, det er naturleg og det er lokalt. Fersk fisk og skalldyr frå fjorden, frukt og grønt frå  fruktar morenejord skapt av isbreane gjennom tusenvis av år som gir oss nokre av landets beste avlingar. Poteter, bringebær, epler og pærer. Moreller, fersken, aprikoser og jordbær. Geitost, gamalost og brimost. Vilt fra skog og fjell. Du er sikra ein kulinarisk smaksfest for både auge, munn og midje. Alt dette, som oftast servert med spektakulær natur og utsikt som unike kulisser.

      Velkommen til bords i kontrastane sitt rike. 
Mat & Drikke
Aprikos Lærdal
Aprikos som veks i Lærdal
Nydelege smakar på Walaker Hotel
Lokal mat får du på Walaker Hotel
Lokal is frå Alm Gard Feios
Lokal is frå Alm Gard Feios
Fjord Cycling lokalmat Foto VERI Media
Sykkel og lokalmat i Balestrand med Fjord Cycling
Lokalmat BesteBakken Foto VERI Media

Lokalmat BesteBakken

Ciderhuset
Ciderhuset i Sognefjorden

Overnatting kring Sognefjorden

Uansett kvar og korleis du vel å bu langs Sognefjorden, er du omgjeven av prisvinnande natur og berre ein kort reiseveg frå aktivitetar, attraksjonar og populære turruter. Her finst overnatting for kvart ynskje og budsjett. 

- Historiske og luksuriøse hotel med lange og stolte tradisjonar.
- Ærverdige fjordhotell med "all inclusive".
- Sjarmerande og romslege hytter for storfamilien. Eller kva med ei speglehytte?
- Campingplassar i ett med naturen og stor boltreplass for barn i alle aldre.                                                                                                                                                      

- Bu unikt i tretopphytte eller på kanten av eit stup med verdas vakraste utsikt. Ombygde naust eller leilegheitskompleks berre eit byks frå fjorden.

   

Finn din overnatting her
Sørheim Fjordpanorama Foto Håvard Nesbø

3 nasjonale turistvegar til Sognefjord

  • Aurlandsfjellet "Snøvegen"
  • Gaularfjellet "Historisk, vakker og ukjent" 
  • Sognefjellet "Europas høgste fjellovergang"
Aurlandsfjellet korrektur
Les meir
FGS_UndredalDSC_5813 (1)

Med familien

Få tips til en innholdsrik ferie med familievennlige aktiviteter, turer og opplevelser! Skap minner sammen med familien. 

Les mer her
Molden Foto Vegard Aasen/Veri Media

Aktiv ferie

Få tips til en fullspekket aktivitetsferie med de beste opplevelsene og et komfortabelt opphold midt i naturen

Les mer her
Amazing Fjords - Cruise Nærøyfjorden Foto Falkeblikk AS

Det lille ekstra

Få tips til hvor du best kan slappe av og nyte fjordperlene med den beste lokale maten og vertskap i ypperste klasse.

Les mer her

Planlegg di reise her:  

Med FjordMap kan du enkelt navigera deg rundt i Sognefjorden og finne din aktivitet, attraksjon, serveringsstad eller overnatting.

Ver din eigen utforskar og naviger med FjordMap. 

Fjordmap board

 

Er du klar for årets sommarferie?

 

 Landskapet her er vårt skattekammer, innhaldet er oss, og me deler dette gledeleg med deg, me vil gi deg minner for livet.

Me vil at du skal trivast, me vil at du skal komme tilbake. Fleire vende. 

 

Velkommen til Sognefjorden

Litt av alt, men mest av det beste! 

- Eg er Sognefjord

 

 

Start din reise her

Del denne artikkelen: