Hage på Walaker Hotell.  Foto Georgos Gyftopoulos

Nyt Sognefjordens skjulte perler i sommar

Ved Sognefjorden finn du fleire av dei finaste skjulte perlene på Vestlandet dei beste stadane med "det lille ekstra". I over 150 år har fjellfolk, kunstnarar og romantikarar funne vegen til Sognefjorden for å finne inspirasjon. Her kan du bu i idylliske trehotell med fjordutsikt, godt vertskap og fantastisk mat og drikke frå lokale skattkammer og dei beste råvarene.

I Sogn bur du godt langs smaragdgrøne fjordarmar, nær blåe brear, under mektige fossar, på idylliske gardsbruk og på tradisjonsrike historiske hotell med heilt spesiell atmosfære. 

Lær meir om:

Start di reise her

"Trenger du rekreasjon er dette stedet, virkelig balsam for sjelen. Utsikten er utrolig og atmosfæren er til å ta og føle på"

tripadvisor_logo

Unike fjordbygder

Sognefjord byr på ein svært variert natur med vidope fjordlandskap, frodige dalartronge fjordarmar, massive fjellrekkjer og blåe brear. Her finn du både små, idylliske fruktbygder, moderne samfunn og einslege fjellgardar. 

I Sognefjorden kan du fiska på fjorden, padla kajakk, dra på RIB-tur eller fjordcruise og lena deg tilbake på dekk for å nyta utsikten.

"Norwegian fjords – the world’s top unspoiled travel destination"

 

National_Geographic-Logo-PNG7 (1)

Overnatting ved Sognefjorden

I Sogn bur du godt langs smaragdgrøne fjordar, inntil blåe brear, under mektige fossar, på idylliske gardsbruk og høgt til fjells mellom steile tindar. Du kan vera nær fjorden på sjarmerande fjordhotell og historiske hotell i dei skjulte perlene langs Sognefjorden. 

Her finn du nokre av dei beste hotella ved Sognefjorden:

Lokal mat og drikke

På din reise langs Sognefjorden kan du også få oppleva deilig kortreist mat og drikke.

Kva med å nyte ein herleg frukost med utsyn mot Sognefjorden? 

I kvar av dei sjarmerande fjordbygdene finn du lokale smaksopplevingar som ventar på deg - alltid omgitt av spektakulær natur.

Fjordbygdene har lange tradisjonar på matkultur, og med fersk fisk og skalldyr frå fjorden er du sikra ein smaksfest for både auge og munn.

Mat og drikke

Aktivitetar ved Sognefjorden

Noregs lengste fjord, Sognefjorden, ligg midt i Fjord Norge og strekker seg heilt inn til foten av Jotunheimen og Jostedalen nasjonalpark. Naturen er både dramatisk og gjestmild, og innbyr til spennande og forfriskande aktivitetar 

UNESCO Nærøyfjorden vart i 2004 kåra av National Geographic til «Verdas beste urørte reisemål». Jotunheimen nasjonalpark har fantastiske turområde og Vettisfossen, Norges vakraste fossefall. Du finn i tillegg Aurlandsdalen, Rallarvegen, Molden og mange andre merka turløyper rundt Sognefjorden. Brevandring på breane i Jostedalsbreen Nasjonalpark – den største isbreen på det Europeiske fastlandet – er ei unik oppleving.   

Se flere aktiviteter

Nigardsbreen:

«Gå på diamantar og blå is»

«Fantastisk, en unik opplevelse»

«Enestående»

tripadvisor_logo

Attraksjonar ved Sognefjorden

Sognefjorden byr på spennande kultur med nasjonale kulturskattar. Fem av dei eldste stavkyrkjene i Norge ligg her, og den aller eldste, Urnes, står på UNESCO si liste over dei mest verneverdige kulturminna i verda. 

Sjå alle attraksjonar

Vandring og sykling ved Sognefjorden

Rundt Sognefjorden finn du fleire av dei vakraste og mest populære områda for fotturar og toppturar i Noreg. Jotunheimen nasjonalpark har fantastiske turområde og Vettisfossen, kåra til Norges vakraste fossefall. Du finn i tillegg Aurlandsdalen, Rallarvegen, Molden, Keipen, Utladalen og Kongevegen og mange andre merka turløyper for alle rundt Sognefjorden. Brevandring på breane i Jostedalsbreen Nasjonalpark – den største isbreen på det Europeiske fastlandet – er ei unik oppleving.

 

Sjå fleire turar
TIPS #1:
Ta med sykkel på Flåmsbana, og ta sykkelturen ned att Rallavegen til Flåm. På veg ned kan du prøve Flåm Zipline, den lengste ziplinen i norden på heile 1381 meter. Kjenn pulsen stige når du sett utfor det 305 meter høge stupet ved Vatnahalsen i nærheten av Bergensbanen og Flåmsbana. Ziplina stopper i Kårdalen ved "Rallarrosa Stølsysteri" øvst i Flåmsdalen.
 
TIPS #2:
Ta med sykkelen på ferja frå Solvorn til Ornes. På Ornes ved Lustrafjorden ligg UNESCO Urnes Stavkyrkje som er landest eldste og den rikast dekorerte av dei 28 stavkyrkjene i Noreg. Etter besøket på Urnes tek du sykkelen fatt og syklar langs Den Romantiske vegen innover fjorden mot Skjolden. 
 
Tips #3:
Opplev spektakulære Keipen i Balestrand. Turen går fra fjorden til høgfjellet, og gjev eit spektakulært utsyn over Sognefjorden med fjordarmane Vetlefjorden og Fjærlandsfjorden og dei flotte Fjærlandsfjella. Etter turen kan du nyte lokal sider og mat på Ciderhuset i Balestrand som mellom anna er kjent over heile landet for Balholm produkta sine. 

Ynskjer du hjelp med å skreddersy dine opplevingar? 

20200626 Amazing Fjords - Cruise Nærøyfjorden D850_0138

Amazing Fjords

Amazing Fjords kan komme med tips om lokale skjulte skatter som de færreste kjenner til fra tretopphytter til unike aktivitetar. 

Meir om Amazing Fjords
Sykkel-Sletterust-Austabontind liten

Wonderlust

Wonderlust kjenner historia, kulturen og livsstilen og kjenner alle dei "skjulte perlene" - dei fantastiske og autentiske stadane utanfor masseturismen. 

Meir om Wonderlust

Ute etter ein annan type ferie?

Molden_10.08_Foto_VegardAasen_12 (1) (2)-1

Aktiv ferie ved Sognefjorden

Ta med partnaren din eller vennegjengen din og opplev naturbaserte aktivitetar og slapp av på kvelden med god mat og hygge. 

Les meir her
FGS_UndredalDSC_5813 (1)

Sognefjorden med familien

Ta med familien og barna til Sognefjorden der du opplever naturbaserte aktivitetar som brevandring, sykling, kajakk, RIB, SUP med meir. 

Les meir her

Planlegg reisa her: 

Med FjordMap navigerer du deg lett rundt i Sognefjorden og finn din aktivitet, attraksjon, serveringsstad eller overnatting.Ta ein titt og finn informasjon om kva du kan oppleva ved Sognefjorden. 

Fjordmap board
Start di reise her

Del denne sida: