Viking-Village-fl17055- Foto_Sverre_Hjørnevik (1)

Vikingbyen Njardarheimr

Rundtur for vikingar - ei reise som kan gjera ferien din til eit eventyr.


Lev som ein viking, et som ein viking, besøk vikingmuseum, stavkyrkjene, og sjå det største vikingskipet i landet. Er du interessert i vikingtida, er Sogn rette plassen å besøkja.

Vikingane var oppdagarar, frå fjordane reiste dei ut på eventyr til det ukjende. Dei handla, plyndra og utforska verda kring seg. I dag er heldigvis hjelmane og sverda vekke, men ånda til vikingane lever vidare på vestlandet. No kan du utforska kulturen, oppleva dei vakre fjordbygdene der vikingane levde, og ta del i det jordnære fjordlivet saman med etterkommarane deira.

Fem stavkyrkjer, den levande vikinglandsbyen Njardarheimr, bryggeripub i vikingstil, hotellrom med senger forma som vikingskip, Baldersteinen, statuen av Fritjof den Frøkne, ciderproduksjon og bærproduksjon med røter frå vikingtida, slaget ved Fimreite, og ikkje minst det største vikingskipet det er funne spor av i Noreg, er berre nokre av vikingattraksjonane i Sogn og omegn.

Vikingreisa di startar i Gudvangen, tek deg innover Sognefjorden til Sogndal, og vestover langs nordsida av fjorden til Balestrand. Her kryssar du fjorden til Vik er reiser attende til Gudvangen inst i Nærøyfjorden. Du kjem til alle stadene med bil – eller i båt om du vil reisa sjøvegen.
I løpet av 337 km får du bli med på ei spennande reisa i landskapet der vikingkongar, -krigarar og
-jordbrukarar og dei fremste arkitektane i norsk arkitektur har vore før deg.

Rundtur Viking

Rundtur km: 337 (+ 240 om du reiser til Sagastad og Myklebustskipet)
Tal dagar: 3
Tal ferjer: 3 (+1 om du reiser til Sagastad og Myklebustskipet)
Høgdepunkt: Stavkyrkjer, Njardarheimr, Bjor, Fritjof den Frøkne, Baldersteinen, slaget ved Fimreite, Myklebustskipet

Viking-Village-fl17018- Foto_Sverre_Hjørnevik (1)

Lev som ein viking i vikinglandsbyen Njardarheimr

Om du kjem frå Bergensområdet er første stopp på vikingturen i Gudvangen hjå Njardarheimr som gir nytt liv til historia og kulturen frå vikingtida. Her kan du vandra mellom dei 20 vikinghusa, kjenne lukta av bål og tjæra, og bli del av ein levande vikinglandsby. Vikinglandsbyen Njardarheimr er eit internasjonalt lokalsamfunn av vikingentusiastar, og dei syner deg korleis vikingane levde, arbeidde og påverka verda rundt seg. Du kan bli med på både øksekasting, pil- og bogeskyting, veving og andre handverksaktivitetar.

Gudvangen er brukt som lokalitet i starten av The Vikings; ein av verdas mest sette tv-serie. Mange kjem til Gudvangen for å sjå kvar desse scenane er filma, og dei vert ikkje skuffa. Få stadar i verda kan by på eit så storslege landskap som Gudvangen, inst inne i Nærøyfjorden. Den unike fjordarmen er 19 kilometer lang og kun 250 meter brei på det smalaste, midt mellom stupbratte fjellsider på opptil 1800 meter høgd. Med ville fossefall og eit levande kulturlandskap er det ikkje rart at Nærøyfjorden er på UNESCO si naturarvliste.
Du treng ikkje leggja vekk vikinginntrykka om natta. På Gudvangen Fjordhotell like ved Njardarheim og inngangen til Nærøyfjorden får du rom med vikingtema og du søv i ei seng som ser ut som eit ekte vikingskip.

Den minste og den største stavkyrkja i landet

Det var ei stor overrasking å sjå ein så autentisk stad! Vikingane bur i husa her, lagar eigne klede, og byr på mange aktivitetar. 

tripadvisor_logo

Den minste og den største stavkyrkja i landet

I mellomalderen var det truleg meir enn 1000 stavkyrkjer her i landet. I dag står berre 28 att. Stavkyrkjene er uerstattelege kulturminne og prov på noko av det mest unike Noreg har bidrege med innanfor internasjonal arkitektur- og byggjekunst. Trass i at dei grunnleggjande byggjeteknikkane til stavkyrkjene er dei same, er ingen av dei 28 attverande stavkyrkjene like.

Fem av dei finn du i Sogn, og dei er mellom dei mest spesielle i landet. Undredal har den minste. I Kaupanger finn du den største. Borgund og Hopperstad er dei klassiske, medan Urnes er den eldste og mest verdifulle – og har fått den gjeve plassen på UNESCO si verdsarvliste.

Du kan bli med på ein mangfaldige stavkyrkjeturné og besøkja alle fem stavkyrkjene, eller berre reisa innom ei eller to. Den aller første stavkyrkja du kjem til når du køyrer innover Sognefjorden frå Gudvangen er i Undredal. I fredfulle Undredal smeltar den vesle stavkyrkja saman med dei små kvite husa og luftige frukthagane som har slått ring rundt henne. Kyrkja er den minste som framleis er i bruk i Skandinavia. Kledd frå topp til tå i kvit bordkledning frå 1984, skil kyrkja seg i utsjånad frå dei andre stavkyrkjene i Sogn. Men trass i at kyrkja ikkje ser ut som ei stavkyrkje utanfrå, er det inne i kyrkjeskipet den verkelege opplevinga startar. Den aller fyrste kyrkjeklokka frå mellomalderen heng her, og veggene har den originale dekoren i limfarge frå 1600-talet. Her er døypefat frå kring 1680, 300 år gamle lysestakar med skjold, og ein vakker preikestol frå 1696. I taket er det måla bibelfigurar og englar, og kyrkja er fylt opp med fleire historiske skattar som er verd å sjå nærare på.

Kaupanger Stavkyrkje og Hopperstad Stavkyrkje ligg også på denne vikingruta, medan Urnes Stavkyrkje er ein liten omveg frå Sogndal, og Borgund ein liten omveg frå Lærdal – med mindre du kjem frå austlandet, då kan du stoppe ved Borgund Stavkyrkje på vegen til Sognefjorden. Borgund Stavkyrkje er kjend for sine karakteristiske dragehovud på gavlane, og klokkestøpulen med middelalderklokke er den einaste bevarte frå denne tida i Noreg. Hopperstad Stavkyrkje i Vik har henta mykje inspirasjon frå slektningen i Borgund. Kaupanger Stavkyrkje er den største av stavkyrkjene i Sogn, og står på si opphavelege tuft.

Det er òg absolutt verdt å ta avstikkaren til Urnes Stavkyrkje. Urnes Stavkyrkje høyrer verkeleg til på lista over arv av framståande universell verdi, der ho ligg mellom fruktige eplehagar i adelege omgjevnader, med fritt utsyn over den grøne Lustrafjorden. Dei flotte utskjeringane med bandslynger og slanke dyreformer har i seinare tider gitt namn til «urnesstilen».


Alle kyrkjene kan besøkjast med guide.

Sagt om Undredal: Vakker liten kirke i en usedvanlig pen landsby

Sagt om Urnes Stavkyrkje: Fantastisk kirke med spektakulær utsikt

tripadvisor_logo

Slutten av jernalderen vert kalla vikingtida, frå om lag år 800 til 1050. Vikingtida er ein periode då folk i Skandinavia reiste til andre deler av verda - i krig og i fred. Vikingane lærde mykje frå andre folk og samfunn på reisene, og tok med seg materielt gods, kunnskap og kultur heim. Lette, havgåande skip med segl var ein føresetnad for dei mange reisene. Vikingsamfunnet hadde store sosiale skilnader med ein elite, bønder og trelar. Kvinnene si rolle var meir avhengig av rang enn kjønn slik rike gravfunn av mektige kvinner har vist. Mot slutten av vikingtida vart dei mange heidenske høvdingseta gradvis samla til eit kristent kongedøme kalla Noreg. Med kristendomen vart landet ein del av eit europeisk fellesskap.

Disney-eventyr for dei minste

Treng dei minste i familien litt ekstra motivasjon for å tykkje at både stavkyrkjene og fjordsamfunna kring dei er spennande? Gjer turen til ei ekte Disney-oppleving og sjå om borna kjenner seg att frå Frost-filmane. Ser dei likskap mellom Borgund Stavkyrkje og arkitekturen i Arendelle? Frost er filmane om prinsessene Elsa og Anna, snømannen Olaf og reinsdyret Svein, og dei har henta inspirasjon både frå stavkyrkjene, spesielt Borgund Stavkyrkje, landskapet i fjordbygdene ved Nærøyfjorden og i Undredal, og frå stavkyrkjeetterliknaren Engelskkyrkja i Balestrand – den idylliske fjordbygda som du óg skal innom på rundreisa di.

Et som ein viking

I Flåm et du på bryggripuben inspirert av den gullskimrande gildehallen til Ægir. Utsida minner om ei stavkyrkje, og inne kjenner du varmen frå den ni meter høge peisen, omkransa av dragehovud og vegger bygde av drivved. Ægir BryggeriPub er gjennomsyra av vikinghistorie, og menyane likeeins. Dei nyttar dei same lokale råvarene som vart nytta i vikingtida, men smaksette for dagens gane. Her vil du få ei smaksoppleving frå 1020 til 2020. Ægir øl er brukt i marinadar og sausar, og humle, malt og urter får setja preg og ein ekstra spiss på maten. Spesielt kjend er signaturretten Ægir Vikingplanke - ein 5-rettar øl- og matmeny stileg anretta og med smakar som får ganen til å slå salto.

Kongevegen i Lærdal

Neste stopp er kongevegen i Lærdal som er eit av dei finaste veghistoriske kulturminna i Europa. Vegen er bygd for hand med enkle reiskap i ei tid der dynamitten ikkje var teken i bruk. Vegen går frå det tronge og dramatiske fjordlandskapet inst i Sognefjorden via høgfjellet på Filefjell og ned til innlandsbygdene i Valdres. Bakgrunnen for vegen slik han er i dag var at i perioden 1660–1814 gjekk Noreg frå eit hovudvegsystem basert på ride- og kløvjevegar til køyrevegar. Køyrevegar vart bygd på kongeleg forordning – kongevegar – for å kunne frakta embetsfolk raskast mogleg mellom dei store byane. Dette er vegane mellom stiftsstadane, og det er såleis berre fire kongevegar i Noreg. Historia til vegen går likevel mykje lenger attende i tid. Heilt sidan menneskja byrja å busetja seg i landet, har Filefjell vore den mest nytta ferdsleåra mellom aust og vest. Ei rekkje spor viser ferdsel alt i steinalderen. I bronsealderen vart bronse frakta over fjellet til vidareforedling ved Spangelo i Borgund. I jarnalderen vart Filefjell sentral for jarnutvinning og det vart etablert faste ferdslevegar. Vikingtida er heller ikkje noko unntak for kva me set att med av eineståande funn ved Kongevegen. I 2009 fann arkeologane ein verkstadleir frå tidleg vikingtid som dei framleis klør seg i hovudet over. Hundretusenvis av bein, det aller meste gevir frå rein, og kammar, vevutstyr, glasperler, nøkkel og dyregraver etter ei mogleg kult, var berre noko av det arkeologane fann. Oppsiktsvekkjande var også talet på såkalla grophus på staden. Ein sjeldan gong kan ein finne eitt grophus. På Bjørkum var det 13-15. Ein av dei flottaste vikingkammane i verda vart funnen i jorda her. Kammen hadde ei runeinnskrift: «Øystein lagde denne». Denne Øystein må ha vore ein av dei fremste kammakarane i landet i si levetid. Kopi av gjenstandene kan du sjå i besøkssenteret ved Borgund Stavkyrkje.

Spesielt er delen av Kongevegen som går frå Seltun til Borgund stavkyrkje ei perle. Her passerer vegen mellom anna den historiske husmannsplassen Galdane, går gjennom den vakre Øygardsvegen, forbi nyrestaurerte Husum hotell i sveitserstil og den imponerande vegarkitekturen i Vindhellaskaret før ein endar opp nede ved Borgund stavkyrkje.

Neste stopp tilbyr fleire alternativ. I Sogndal kan du velja å ta fleire avstikkarar. Den eine avstikkaren er til Urnes Stavkyrkje, eller du kan velja det litt lengre alternativet; heilt opp til Nordfjord og Myklebustskipet, det største vikingskipet som det er funne spor av i Noreg.

Det største vikingskipet i Noreg

Myklebustskipet frå Nordfjordeid er eit kongeskip verdig den siste reisa til Valhall, og det største vikingskipet det er funne spor av i Noreg. Skipet skil seg frå Oseberg- og Gokstadskipet ved at skipet vart brent ved gravferda. Skikken med å brenna skipet ved gravferd var typisk for Vestlandet på 700- og 800-tallet. Myklebustskipet er både den siste og den største branngrava ein kjenner til frå vikingtida. Skipet er rekonstruert akkurat slik historikarar og vikingekspertar trur det må ha sett ut basert på funna i grava, og stod ferdig bygd i full målestokk i 2019 med ei estimert lengd på 30 meter og ei breidd på seks meter. Skipet kan segla på fjorden, men står største delen av året utstilt på Sagastad som er eit kombinert viten- og opplevingssenter ved fjorden i Nordfjordeid sentrum.
Skipet ligg ikkje ved Sognefjorden slik som dei neste vikingattraksjonane, men ved fjorden nord for Sognefjorden, med det passande namnet Nordfjord, og er ein køyretur på 120 km unna.

Flotte skildringar av vikinglivet. Myklebust-skipet var stort og imponerande.

tripadvisor_logo

Sagastad - Myklebustskipet © Fjord Norway/Ruben Soltvedt

Vel attende i Sogndal startar reisa utover nordsida av Sognefjorden mellom Bautasteiner, minnesmerke og statuar. Sjå føre deg eit landskap utan bilar,asfalt og moderne hus når du køyrer utover – la fantasien ta deg attende til vikingtida med opne landskap, storgardar og vikingskip på fjorden.

Bautasteiner, minnesmerke og statuar på Systrond

Slaget ved Fimreite i Sognefjorden 15. juni 1184 var det siste slaget mellom kong Sverre og Magnus Erlingsson om kongsmakta i Noreg. Begge ville bli konge og hevda å vera av kongsætt. Opprørsflokken Birkebeinarane hylla som konge over Noreg i 1177. På Magnus si side stod både kyrkja og nesten alle lendmennene.

Dei hadde kriga to gonger tidlegare, utan at det kom til endeleg siger. No hadde Sverre reist til Sogndal for å slå ned eit opprør som hadde kosta to av sysselmennene hans livet, og Magnus hadde fått nyss om at Sverre var i området. Magnus Erlingsson mobiliserte det han kunne i Bergen, og med sterk dansk støtte, reiste han innover Sognefjorden med heile 26 skip for å ta Sverre. Sverre hadde kun 14 skip, og det såg dystert ut. Magnus og hæren nytta seg av kastesteinar som våpen. Dette var brynesteinar som dei hadde kapra frå ei skute som låg i Bergen før dei drog nordover og inn Sognefjorden. Mange av desse brynesteinane er seinare fiska opp frå sandgrunnen ved slagstaden, og du kan sjå dei på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum.

Kong Sverre lukkast med å fyra opp krigarane sine, og med krigslist vann han. Magnus Erlingson fall i slaget saman med 2000 av mennene sine.

Brynestein frå Slaget ved Fimreite
Baldersteinen Leikanger

Neste stopp er Bautasteinen på Systrond og beinstrekk i Hårfagre-parken.

Leikanger kan vise til ei lang og rik vikinghistorie. I meir enn 4 500 år har Systrond, som staden har blitt kalla frå gammalt av, vore jordbruksland og eit område med storgardar med mektige kongar, futar, hovdingar og lensmenn.
I Leikanger står det heile tre bautasteiner, og blant dei er den aller høgste bautasteinen i Noreg, og eit mektig prov på den fjerne og spennande vikinghistoria ved Sognefjorden. Baldersteinen i Husabø er nesten 7,8 meter høg, 1,25 meter brei og veg ti tonn. Ein bautastein er ein minnestein utan innskrift, og den kan vere reist på ein gravhaug eller på flat mark utan tilknyting til graver. Området rundt bautasteinane har vore ei skattekiste for arkeologane.
Bautasteinar er jamnt over vanskelege å datera, men funna kring monumenta talar for at dei er reiste i jernalderen. Det er ingen som veit sikkert kvifor Baldersteinen blei reist, men nokre trur at den er knytt til den lokale høvdingen Ivar Elda som fall ved slaget ved Fimreite i 1184, men han kan og vera knytt til sognekongen Fridtjof den frøkne.

Like attmed ligg den vesle Hårfagre-parken. Hårfagre-parken er ein stad å gå til, ein stad å koma. Her er velstelt gras og grusgang, frukttre, ein avlang mosegrodd stein på marka, eit par benker, og, det sentrale elementet i parken, den vel to meter høge Hårfagre-steinen med innskrift, og informasjon like ved. Ein stad å stogga ei stund, - sjå, lesa og læra, undra seg, trekkja liner langt attende i tida. Hårfagre-parken ligg på kongsgarden Husabø i Leikanger. Harald Hårfagre vaks opp i Husabø hjå morfaren Harald Gullskjegg som var konge over Sogn. Harald arva sogneriket etter morfaren. Med utgangspunkt i Sogn starta Harald Hårfagre samlinga av Noreg til eitt rike.

Sov som ein viking

Leikanger Fjordhotell kan du overnatta i hotellet si eiga Vikingsuite i ei seng med ramme forma som eit vikingskip, og med segl som himling.

Leikanger Fjordhotell-205553-HDR (1)
Leikanger Fjordhotell-0008 (1) (1)

Leikanger Fjordhotell

Leikanger har tradisjoner som kongebygd helt tilbake til Vikingtiden.

Kviknes 1 Foto Kviknes Hotel (1) (2) (1)-1

Kviknes Hotel

Velkommen til kunstbygda Balestrand og historiske Kviknes Hotel.

Gudvangen Fjordtell

Gudvangen Fjordtell

Sov som ein viking i viking bygda Gudvangen og opplev Njardarheimr.

Gudedrikken Bjor vikingcider

Vikingar var opptekne av god mat og drikke. Det var vikingane som planta dei første bærbuskene i landet. Dei tok med seg ei rekkje nye matvarer og kunnskap om matproduksjon heimatt etter lange og mange turar til fjerne himmelstrøk. Visste du at når mektige vikingar vart gravlagde, fekk dei med seg eple for å gjera gudane blide? Og dei saftigaste epla og friskaste bæra får du i Sogn. Sogn er faktisk eit av dei eldste fruktdistrikta i Noreg, og spesielt kjend for eit mangfald av ciderhus og fruktgardar som produserer jordbær, bringebær, plommer og kirsebær.

Hjå Ciderhuset i Balestrand får du ekte vikingcider. Ciderprodusent Åge Eithungjerde har gjenskapa moderne cider si opphavelege ættemor, Bjor (engelsk béor), etter å ha granska omtale av drikken i gamle norrøne og gamalengelske dokument. Bjor vart først nemnd i eposet om Sigurd Fávnesbane med handlinga lagt til 6-700-talet. For dei som har sett HBO-serien Vikings, var Ragnar Lodbrok si andre kone, Åslaug, dotter av Sigurd Fávnesbane.
- Bjor kunne minna om mjød, men var meir ein slags sterk fruktvin med honning og urter. Bjor blir i Eddadiktet Allvismál kalla æsene (gudane) sin drikk, truleg fordi honning var så kostbart, forklarer Eithungjerde.

I gamle engelske kjelder blir béor nemnd som ein drikk som var annleis enn både øl og vin, og farleg sterk.
Som vikingane et og drikk også du godt, og kva er vel då betre enn ei god natts sømn etterpå? Ta gjerne natta på Kviknes Hotell, og lær meir om Keisar Wilhelm II og kunstnarane som kom til Balestrand og let seg inspirera og fasinera både av naturen og vikinghistoria i Sogn, før du køyrer vidare innover fjorden på vikingferda di.

Vikinghelten Fritjof den Frøkne og kong Bele

På Vangsnes i Vik kommune står ein mektig attraksjon; Ein høgreist og kraftfull statue av den lokale vikinghelten Fridtjof den frøkne. Heile 12 meter høg og på 10,5 meter høg sokkel, strekkjer Fridtjof seg fantastiske 22,5 meter til vers. Statuen er laga av den tyske kunstprofessoren Max Unger, og vart frakta til Vangsnes i femten delar og reist av 100 tyske marinesoldatar.

Dette er ei utruleg forteljing. Både Soga om Fridtjof den frøkne, norgesvenen Keisar Wilhelm II som fekk ideen om å reisa den enorme bronsestatuen, og ikkje minst sjølve avdukinga seinsommaren 1913 då vesle Vangsnes i Vik kommune vart midtpunktet i Europa gjennom nokre festlege og hektiske dagar.
Tusenvis av menneskje frå både inn- og utland trekte mot Sogn for å ta del i avdukinga av gigantstatuen Fridtjof den frøkne, til og med Kong Haakon VII ville få med seg dette saman med den tyske keisaren Wilhelm II. Ikkje ei gjesteseng var å oppdriva, og på Kviknes hotell i Balestrand skal dei jamvel ha gått tomme for mat under dei elleville festdagane.
Segnet som Keisar Wilhelm II vart så begeistra for at han ville ære det med ei gigantisk statue, var basert på det islandske sagaskriftet frå 1300-talet som var grunnlaget for den svenske diktaren og biskopen Esaias Tegnérs (1782–1846) roman «Fridtjofs Saga». I følgje segna var Fridtjof son av Torstein Vikingson, som budde på Vangsnes. I segna får me høyra om Fridtjof og korleis han ved hjelp av kløkt og kjærleik til den vakre Ingeborg, dotter til småkongen Bele, vart konge i Sogn.
Samstundes som Fritdjof vart reist på Vangsnes, vart statue av kong Bele reist i filosoferande positur ved gravhaugane i Balestrand.
Dei flotte statuane er i dag eit høveleg monument for den djerve Fridtjof som til slutt fekk både prinsessa si Ingeborg og heile sogneriket attpå.

Fritjof får det siste besøket før Frå Vangsnes er du attende i Gudvangen i underkant av halvanna time.

Fritjof den Frøkne © Vegard Aasen

Ei vikingreise langs Sognefjorden er ikkje berre stavkyrkjer, bautasteiner, minnesmerker og vikinglandsby. Det handlar like mykje om å kunne rusla i ein frukthage, besøka ein vingard, plukka eigne jordbær eller nyta fjordutsikta med eit glas fruktbrennevin eller lokalprodusert øl, akkurat slik som vikingane gjorde det. Arven frå vikingtida finn du att langs heile Sognefjorden, og i sogningen som du møter på ferda di.

Stock placeholder image with grayscale geometrical mountain landscape

Feature one

Use text and images to tell your company’s story. Explain what makes your product or service extraordinary.

Stock placeholder image with grayscale geometrical mountain landscape

Feature two

Use text and images to tell your company’s story. Explain what makes your product or service extraordinary.

Stock placeholder image with grayscale geometrical mountain landscape

Feature three

Use text and images to tell your company’s story. Explain what makes your product or service extraordinary.